lørdag 16. januar 2010

Lyrikk på lørdag

Også denne lørdagen et dikt fra en av pappas diktsamlinger.

HANDA

Eg høyrer du sutrar, vesle,
og skjønar at du er redd
mørkret som rår ikring deg.
Kan hende barn, det er første gang
du møter det skræmande svarte.
Eg retter deg varleg handa
og kjenner kor småe fingrar
dreg meg inn til ditt hjarte.

Og brått held du opp å sutre.
Di ordlause bøn fekk svar.
Du kjende att handa i mørkret
- handa som ofte tok deg
og løfte deg høgt og bar.
Å, barn - må du alltid få eige
levande i ditt medvet
den sterke handa hans far.
_ _ _

Kanskje kjem natta for meg òg,
stupmørk og kald og streng
og skræmer og gjer meg mørkredd.
Da veit eg ei hand eg treng.
Ei hand som alltid er nære
ein hjelpelaus liten kar.
Da skal eg som du, barn, få gripe
og eige den evig sterke
og trygge handa hans Far.

~ Magnus Buflod ~


5 kommentarer:

Solblomst sa...

For et nydlig dikt. Det er godt med ei trygg og sterk hand.

Biggan sa...

Underbar dikt och foto!!

Linda sa...

wow! nydelig og herlig dikt! :)

Ann Hedvig sa...

Nydelig dikt!!

Sitter her med tårer i øynene.

janniche sa...

så nydelig dikt!